Ole Bernhard Andreasson Loen
Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum
MJUKE TONAR
I det nye kyrkjeorglet var det så mjuke tonar. Det var som kvinnerøyster i tonane.
Kvinnerøyster er alltid mjuke. Dei har vore her og sunge guds pris i hundreder av år. I sorg og i glede kom dei, med sin elsk og sitt hat i von og fortviling. Det var mjuke tonar som lyfte seg over mannsrøyster. Det gav helg etter ein lang kvardag.
|