Ole Bernhard Andreasson Loen
Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum
EITT MINUTT
Eitt minutt er ein del av di tid. Det er ei ævelengd når du ligg under høylasset eller på kvelve i stormen, Men det er som eit lyn når du i famnen til den du elskar får ditt første kyss. Eitt minutt kan vere liv eller død. Det kan avgjere din lagnad til tap eller sigervinning.
|