Ole Bernhard Andreasson Loen
Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum
BERRE EIN AV DEI TI ER NOK
Han stod på den gamle tunhella og såg mot uthuset med åker og eng ikring. Det var i dag det skulle hende. Dei skulle hente han no med bil.
Du skal ikkje gå her i armoda og einsemda, sa dei til han. Du har gjort ditt, du skal få det godt no, på "Heimen".
Han hugsa det han sa til kona då ho skulle fare bort: Det vart berre fattigdom og slit du fekk her all din dag.
Då sa ho: Eg har aldri vore fattig her hjå deg, eg. Gud gav oss ti bom, var ikkje det ein stor rikdom? Og då eg kom her til gav du meg rådvelde over alt ditt.
Han hugsa vel borna han? Dei smurde solskin på brødet, vaks og vart store. No er dei borte. Alle.
Her må han vere å finne Om nokon kjem heim. Her har dei vore son etter far i mange hundre år. Huset må ikkje vere stengt og folket borte nor dei kjem Om det så er berre ein av dei ti.
|