Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Ole Bernhard Andreasson LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ole Bernhard Andreasson Loen

Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum

ALLE TING VAR DYRE HER

Her kosta det å vere til.
Det kunne ikkje betalast med pengar.
Blod og slit var dei verdiar det kravde.
Dei la igjen si kraft og sin sveitte
i åker og skog,
i fjøs og løe og vevstol.
Det var berre hamen som til sist
vart boren til kyrkjegarden.

Det var dyrt å byggje
veg mellom grannar.
Dei lange band
langs med fjorden
og over fjellet
der er soga skriven
med blod og sveitte.
Mange var det som låg
igjen på vegen
før bandet nådde fram
frå granne til granne.

Det vart langt mellom grannar.
Dei sat kvar pd sitt nes
og ville rå seg sjøl.
"Trød meg ikkje for nære".
Grannevenskap var dyr
og vanskeleg å eige.
Det er dyrt å vere menneske.
Vegen fram til din granne
vert kanskje den hardaste prøva.