Ole Bernhard Andreasson Loen
Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum
SOLARGLAD
Når sola seig og dala i mot eit solarfall då milde vindar svala di heite panna skal. Ein arbeidsdag er ende du skal snart gå til ro, frå alt det strev du kjende du skal få kvila no.
Men både strev og møde la farge på din dag, fekk livet til å gløde med varme hjarteslag. Så mange tunge stunder dei røynde på dit mod, men ny kraft som eit under fekk gjere dagen, god.
Ein dag med sorg og glede, ein dag i kamp og strid, du har arbeidt og bede og no er alt forbi. Du ingen meir skal femne og ingen treng dei hand, alt kjært som du kan nemne skal slita alle band.
Men nett når sola gøymer sitt auga bak om fjell på himmelkvelven strøymer så vent eit fargespel. Er det eit bod om dagen vi ventar bak om sky? den fagre Endenshagen som bløma skal på ny.
|