Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Ole Bernhard Andreasson LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ole Bernhard Andreasson Loen

Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum

HAN TOK LØYNDOMEN MED SEG

Han var frå Fredriksgade
og gjekk med si bereveske
og si pipe.
På ei lyngtuve
mellom to furutre
der elva sikla forbi
og ormen smaug
mellom tuene
hadde han sætet sitt.
Det var det same
anten det var sol
eller regn.

På vegen til og frå
vinka og smilte han
til dei innfødde.
Toogtyvende året,
sa han,
i sommer.

Kva søkte han her?
Han bar løyndomen
med seg bort
då han følgde
flyttfuglane.

Han frå Fredriksgade
fann sikkert noko
som gav hans liv meining
der mellom furetrea.
Det var hans løyndom
som ikkje vedkom
dei innfødde.