Ole Bernhard Andreasson Loen
Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum
DE SOM FEKK BYGDEPATRIOTANE
De som skuldar utkantane for å vere bygdepatriotar og trongsynte egoistar. De var med då skulen vart stengd og borna for mange mil med bussar til det store skulesentret.
Det var dykkar plan a automatisera telefonen. Og da handelsmannen slo lemmen for glaset då var det gjort.
Posten var den siste som stengde. Sidan køyrde postbudet den lange vegen med lokalavisa og skattekortet til den siste som ikkje ville fare bort.
Han kunne ikkje bu her lenger det vart for dyrt, for det offentlege. No er han komen til Heimen tvangsflott, på den offentlege sin kostnad.
Er desentraliseringa berre talemåtar? Kvifor gjekk de ikkje i gang å byggje opp igjen no dei trongsynte egoistane og bygdepatriotane er borte?
Minnesmerka står her, falleferdige hus og fråflytte heimar, Vitnar om at verket dykkar er fullfort.
|